Glasshytta og kermikkverkstaden på Vikten i Lofoten

har blitt ein favoritt.  Vi var her også i fjor, jf blogg.  Utsikta over havet er nydeleg, og bidrar til ro og senka skuldrar.  Det er mykje nydeleg glas å sjå inne i hytta, og vi får også sjå glasblåsarane i arbeid.  Eldrid hadde ein av sine store fotoseansar her i fjor, og Irina har [...]

Fransk fisketur

To norske studentar som hygga seg på ungomherberget, fortalde at dei hadde sett fire franske ungdommar få låne robåt og dorg ut for å fiske.  Dei syntes det var på grensa til uansvarleg, fordi ungdommane så tydeleg ikkje visste korleis årene skulle brukast, og langt frå korleis dei skulle bruke fiskeutstyret.  I ellevetida om kvelden, [...]

Hurra for ungdomsherberget i Stamsund

Verten, Roar Justad, har skapt flott atmosfære.  Godt tilrettelagt for fisking, matlaging og sosialt samvær.  Han likar godt å fortelje historier, og det er artigt å høyre på han.  I går kom det ei tysk dame som ville hjelpe to unge gutar, og spurde om dei kunne koke fisk på plata ute.  Roar svarte alvorleg at det var [...]

Skilsmisser, barn og pengar, eller Kulturforskjellar I

Vi har naturlegvis mange ”korleis har de det i Norge-slik har vi det i Russland”-samtalar i bilen.  Og motsett.  Vi gjekk gjennom ordningar ved skilsmisse, og korfor norske kvinner skil seg frå mennene sine (i tillegg til å kome ut av dårleg ekteskap, blir ein kvitt det største og mest brysame barnet   (= mannen)+ ofte få [...]

Gardinene på Ramberg Gjestegård

Søster Eldrid har trykt gardiner på stoff til Ramberg gjestegård, og vi fekk streng beskjed om å ta bilder av dei viss vi for til Lofoten.  Oppdrag utført, men kvaliteten på bilda…..  Heldigvis skal søster Tone til Lofoten seinare i sommar  Gardinene har fire felt med dikt, bilder og symbol.  Dei er litt artige, men ikkje [...]

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.