Bodil er ingen stor sjåfør. På landevegen køyrer ho om lag som dei fleste menn, kanskje litt fortare, og også meir forsiktigt ved forbikøyringar og i potensielt farlege situasjonar. I byar klarer ho seg også bra så lenge ho får følgje sine eigne reglar om ikkje å stresse. I praksis vil det seie at viss ho hamnar i feil fil og oppdagar det, så køyrer ho heller feil veg enn å skape ein farleg situasjon med stressa filskifte. Mange passasjerar blir svært frustrerte over dette køyremønsteret. I bykøyring er det og forbudt for passasjerar å snakke, sidan Bodil ikkje greier både trygg køyring og konversasjon samtidig.
Ho har berre to problem med å køyre tur-retur Murmansk: 1. å fylle bensin på russiske bensinstasjonar, sjå link her om kvifor. 2. Å rygge beine strekningar.
I dag oppsto situasjon nr 2. Vi skulle over brua til Henningsvær, som er for smal til at to bilar kan møtast, men med møteplassar på kvar ende og oppe på midten. Bodil køyrde oppover, og fekk møtande bil, som ikkje stoppa på møteplassen på toppen, men køyrde to meter forbi, før han måtte stoppe. Han signaliserte at Bodil skulle rygge. Bodil signalisert motsatt. Svært negativt kroppsspråk til svar. Bodil gjekk bort og prøvde å forklare at han hadde to meter å rygge bak til møteplassen, medan ho hadde 50 meter. Den store mannlege tyskaren var tydeleg overbevist om at han no var ute for ein frekk og håplaus kvinneleg sjåfør, og høyrde ikkje etter. Han køyrde nedover og måtte rygge oppover, og då hadde han forkøyrsrett. Ein tyskar til bak han, kom rasande og bad Bodil rygge. Like uimottakeleg for norske reglar for køyring på smale vegar med møteplassar. Fleire og fleire bilar kom til, og Bodil innsåg at det var berre å rygge. Ho gledde seg til å utsetje dei lite lydhøyre tyskarane for si rygging: minst 5 minutt, sannsynlegvis nærmare 15 minutt med slalåmkøyring (ho klarer ikkje å rygge beint) til næraste møteplass. Ho innsåg at det var barnleg, og bad sist ankomne tyskar om å rygge bilen til Bodil dei 50 metrane nedover til møteplassen. Det gjorde han på 20 sekund.
Forsmedeleg å ha all rett på si side, greie å oppføre seg fornuftig blant bjeffande, store, tyske mannfolk, og likevel vite at dei syns ho var ei håplaus dame. Ho angrar på at ho ikkje rygga sjølv.
Filed under: Uncategorized | 5 Comments »