• Arkiv

Operaen i Oslo

Vi  var spente på operaopplevelsen.  Irina var oppteken av operaen m a fordi Den norske opera har besøkt Murmansk fleire gonger, og ho har hatt vore begeistra for framføringane deira.  Ho er særskilt i glad i dei fordi dei også besøker fengsla og syng der,  noko fangane set veldig stor pris på. 

Tatjana hadde vore og sett på operaen før.  Ho er sterkt i tvil om  kvalitetane og kompetansen til norske arkitektar og ingeniørar:  alle russiske ingeniørar veit at ein kan ikkje gå på marmor medan det er kuldegrader, det er så glatt at det er livsfarleg.  Ergo: ingen marmor ein skal gå på i områder i Russland der det kan finnast kuldegrader.   I tillegg sprekk marmoren i store temperaturvekslingar.  Alle russiske arkitektar og ingeniørar veit også at ein aldri skal setje inn eitt trappetrinn her og der, det må vere minst to saman slik at dei blir synlege for folk.   Norske arkitektar og ingeniørar kan ikkje ha mykje kunnskap om å bygge trygge område for folk når dei kan setje opp eit slikt bygg.  Behovet for solbriller er også stort på det kvite taket.  Det har blitt ei god inntektskjelde for solbrilleseljarar.  Etter turen, meinte Irina at bygget er svært vakkert.  Dei syntes det var sleipt å først bygge inn farlege moment for publikum, og deretter seie frå at folk sjølve er ansvarleg for ulukker!

Ferien har starta

Bodil reiste rett frå arbeid på Åse til Gardermoen torsdag, og tok mot Irina som kom med flyet kl 23:05 frå Kirkenes.  Rett til Haraldsheimen vandrarheim, der rommet venta. 

Inna, Ane Bonde, Michale Kuliani og Irina Paykacheva i eitt av møteromme til Amnesty Norge

Fredagsmorgonen kl 9 var Irina i møte på kontoret til Amnesty Norge.  Ho fortalde om den interne striden i organisasjonen «Soldatmødrene», og om utviklinga i forholda i hæren i Russland.  Unge menn blir lokka og tvinga til å underskrive treårs kontrakter, trugsmålet er at dei sannsynlegvis blir tvinga til verre forhold seinare.  Korrupsjonskultur rår, og er avgjerande for fordeling av goder og ressursar elles.  Ho orienterte og om utviklinga i soningsforhold, som faktisk har blitt betre i Murmanskområdet.  Amnesty Norge var veldig glade for det, sidan dei i si tid tok initiativ til samarbeid med fengselsstyresmaktene i regionen for å forbetre forholda i fengsel.  Ho melde og om at ho, som frivillig jurist i mange saker, ikkje får sleppe inn i rettssalane medan sakene er oppe.  I Russland, som i Norge, er rettssaker offentlege, og i prinsippet har alle russiske borgarar rett til å vere til stades under rettssaker.  Men rettssalane blir faktisk stengde.  Ho får derimot oftast tilgang til fengsla, og gjer ein kjempeobb med overvaking og hjelp.   

Tatjana kom til sentrum etter kvart, og var med på siste del av møtet med Helsingforskomiteen.  Der vart Irina nyttig rådgivar i forbindelse med kontoret dei vil starte opp i Murmansk.   Forholda for frivillige organisasjonar er kraftig innstramma, med registrerings- og rapporteringsplikt.  Utanlandske organisasjonar blir særleg godt passa på.  Men Skanna, krisesenteret for valdsutsette kvinner som Tatjana sto bak, vart lagt ned no fordi rapportering tok for mykje krefter, og dei 24% skatt som må betalast i inntektsskatt tok for mykje av inntektene, og var demotiverende.  Etter kvart ser vi at andre virkemiddel and forbod kveler ytrings- og forsamlingsfridom på effektiv måte.