• Arkiv

Kven bygde landet?

Skyskrapar med hol i i La Defense

Paris

I ein kaferefleksjon om kor fast det sit at Norge er eit fattig land for oss som voks opp før oljerikdommen kom på 70-80-talet, meinte Tore at vi sjølv den tida hadde store ressursar som aluminiumsverka og den kraftintensive industrien, og handelsflåten.  Underteikna, som er stor beundrar av norske kraftverk og lange rørgater, skyskraparar (særleg den i La Defense i Paris med hol i,  stor demonstrasjon av fransk prioritering av estetikk føre økonomi), Snøhvit i Hammerfest, store båtar,  og andre menneskeskapte storverk, fortalde at dette bleiknar etter å ha køyrt den vesle strekninga på mindre enn  femti mil mellom Kirkenes via Murmansk til Kandalaksja.  Rett nok er fabrikkane stygge og forureininga grov, men ein kan sjå at planlegging for å få til velfungerande samfunn har vore god.  Å bygge ein fabrikk, hus og infrastruktur,  deretter flytte 120 000 menneske dit, som arbeider på fabrikken, i infrastrukturen i byen og er lærarar og studentar på eit teknisk universitet, alt dette i løpet av 3-5 år:  skal ein vere dødsimponert eller livredd for slik evne til plan og organisering?  Sidan Irina tidlegare ved attforteljing om oppbygginga av Apatity på 60-talet, har gjort meg merksam på at det var gulagfangar som bygde vegen gjennom Nordvest-Russland, og også dei tidlege industribyane som Kirovsk, Monchegorsk og Olenegorsk,  la eg til det.  Då small det historiekorrigering frå Tatjana:  det var Komsomol (ungkommunistar) som bygde den vegen.  Heftig diskusjon mellom Irina og Tatjana følgde.  Vi trur Irina hadde best argument for at Komsomol-forteljinga er feil historie:  Ungkommunistane hadde kanskje ei lita hand med her og der, men arkiva på Solovky viser kor mange tusen fangar som døde i den perioden vegen og desse samfunna vart bygde.

 Her  finn de lenke til kart over Gulagleirane i Russland.  Som de ser, var det mange av dei på strekninga mellom Murmansk og Kandalaksja (Kvitesjøen).