• Arkiv

Tomt og bygging på Hareid

Bodil skal ha anten leilegheit eller hus på Hareid, og damene måtte sjå på tomta.  Dei var imponerte over utsikta, sjølv i regnver.  Bodil vil ikkje ha hagestell, og seier at ho skal asfaltere tomta og setje ut nokre blomsterpotter.  Tatjana fridde til Bodil på grunnlag av tomta, og tilbaud seg å bytte kjønn sidan begge har tradisjonell kjønnsorientering.  Ho var ikkje heilt enig i asfalteringsstrategien:  vi skal ha morellebærtre, vi skal ha tomater, vi skal ha squash, vi skal ha solbærtre, vi skal ha paprika, vi skal ha poteter, vi skal ha gulrøtter – og så kan du få ha din kjære asfalt.  Dagen etter var ho på seniordans på eldresenteret på Hareid, og oppdaga at kjønnsskifte ikkje er nødvendig:  ho kan berre ta eit blått band og henge rundt halsen, så blir ho mann. 

Søster Tone, svoger Asbjørn, Irina og Tatjana diskuterer kvar potetåkeren skal vere

Jonsokfeiring på Hareid

Vi hadde fortalt dei russiske damene om gamle jonsokskikkar på Røyset: alle barn i skulealder var med på å øve inn program kvar kveld frå 17. mai og fram til jonsokdagen.  Sketsjar, leikar, songar, og konkurransar skulle det vere.  Etter øving vart det samla rusk og trekapp til jonsokbål, som i alle fall måtte vere større enn det dei hadde i Hovden på andre sida av vatnet.  Sjølve arrangementet var i ei av løene på Røyset, og begynte ikkje før kl 9 om kvelden fordi folk måtte gjere frå seg fjøsen først.  Dermed vart bålet først rundt midnatt, og leikar og dans på vollen rundt bålet ein time eller to utetter.  Jonsok var ein av dei store dagane i året. 

Holesanden er ikkje heilt det same.  Bodil syns det var triveleg å møte mykje kjentfolk der, men dei russiske damene måtte ete rjømegraut.  I god russisk heltetradisjon, åt dei opp alt dei fekk på tallerkenen.  Tatjana trengde litt støtte, ho lurte på kva ho fekk viss ho åt dette, og blei lova ein fin, norsk kjæreste.  Det motiverte til ei skei for kjæresten, to skeier for kjæresten… til alt var borte.  Flink jente.  Dei etterlyste bål, og vi måtte heilt til Brandal for å finne det.  Det var godt å kome heim til mor Johanne og få litt saltmat å smake på.  Damene hadde også kjøpt nyplukka jordbær i Valldalen, så kvelden vart avslutta med jordbærorgie i stova på Røyset . På bildet  ser de at bror Rune kosar seg med jordbær og russiske damer

Så reiste vi frå Oslo..

Irina ved hoppbakkenog kom til nytt landskap.  Ingeniøren Tatjana fekk beundre byggverket som rundt 1994 heitte Vikingskipet, men som no på skilta heiter Hamar Olympiahall.  Deretter sto Lillehammer for tur.  Etter Storgata, måtte vi sjå på dei olympiske anlegga.  Tatjana meinte at ho ville klatre opp hoppbakken, men ho blei anbefalte å heller hoppe ned bakken.  Byen, dei olympiske anlegga og utsikten frå hoppbakken var godt omtykte. 

   

Ferda gjekk vidare mot Sunnmøre, og ettersom overnatting var nødvendig, vart Sota Sæter i Skjåk valt.  Sæbjørn Forberg fortel ofte om kor fint det er der, og inviterer til besøk som hittil ikkje har vorte noko av.  Dei russiske damene var begeistra for fjellheimen.  Bekkesus i staden for bilsus, vakre fjell, kuer, tømmerhus som luktar godt, nydeleg mat, hyggelege folk, ei flaske rødvin, perfekt kveld.  Mandelpotetene vi fekk, var til og med kjøpt frå Sæbjørn, det forklarte den gode smaken.  Bekken blei brukt til tannpuss, vask og påfyll av vassflasker.

 

 

 

 

 

På vegen over til Sunnmøre hadde vi skodde og regn.  Dermed vart det lite utbytte av Geiranger, Flydalsjuv og utsikt frå vegane.  Vi stogga likvel på Union hotell for å beundre dei sju søstrene til Marianne Heske, eit kunstverk Bodil også skal ha i den nye heimen sin. 

Medan Bodil ser fossar av gull som flyt nedover trygg fjellside i sol mot glitrande fjord, såg dei russiske damene trugande svarte fargar som kanskje var på veg til å ta over bildet.  Ulik oppleving er vel teikn på godt kunstverk?