Vi hadde fortalt dei russiske damene om gamle jonsokskikkar på Røyset: alle barn i skulealder var med på å øve inn program kvar kveld frå 17. mai og fram til jonsokdagen. Sketsjar, leikar, songar, og konkurransar skulle det vere. Etter øving vart det samla rusk og trekapp til jonsokbål, som i alle fall måtte vere større enn det dei hadde i Hovden på andre sida av vatnet. Sjølve arrangementet var i ei av løene på Røyset, og begynte ikkje før kl 9 om kvelden fordi folk måtte gjere frå seg fjøsen først. Dermed vart bålet først rundt midnatt, og leikar og dans på vollen rundt bålet ein time eller to utetter. Jonsok var ein av dei store dagane i året.
Holesanden er ikkje heilt det same. Bodil syns det var triveleg å møte mykje kjentfolk der, men dei russiske damene måtte ete rjømegraut. I god russisk heltetradisjon, åt dei opp alt dei fekk på tallerkenen. Tatjana trengde litt støtte, ho lurte på kva ho fekk viss ho åt dette, og blei lova ein fin, norsk kjæreste. Det motiverte til ei skei for kjæresten, to skeier for kjæresten… til alt var borte. Flink jente. Dei etterlyste bål, og vi måtte heilt til Brandal for å finne det. Det var godt å kome heim til mor Johanne og få litt saltmat å smake på. Damene hadde også kjøpt nyplukka jordbær i Valldalen, så kvelden vart avslutta med jordbærorgie i stova på Røyset . På bildet ser de at bror Rune kosar seg med jordbær og russiske damer
Filed under: Uncategorized |
Legg att eit svar