• Arkiv

Tatjanas forretningside for ungkarar i Valldal

Då vi fekk finever, likte dei russiske damene seg godt i Storfjorden, Valldalen og på Trollstigen.  Tatjana har plukka jordbær på Borkenes ved Harstad, og ville gjerne ned i åkrane i Valldal.  Tatjana vil også gjerne gifte seg med ein norsk mann med eige hus og eigen bil.  Gjerne i Valldal, og ho stråla då ho høyrde at det er mange ungkarar i området.  Forretningsstrategien kom kjapt på plass:

1.  Starte Amnestygruppe i Valldal, og sørge for at det blir ei veldig god gruppe

2. Invitere andre amnestymedlemmer frå heile verda til Valldal for å lære av den geniale gruppa.  Dei betalar for opplæringa ved gratis jordbærplukking

Ungkarar i Valldal:  slike tilbod får de ikkje kvar dag!  No har de sjansen.

Familiebesøk

Vi måtte besøke Tone, både for å få vafler med rørte bringebær/ripsbær, og for å sjå på teppet som Eldrid laga til 50-årsdagen hennar. 

 Quilten tar utgangspunkt i ein stein med mosaikk utanfor Cafe Letho i Murmansk, og så har Eldrid  lagt inn bilete frå den store Nordkalotturen vår sommaren 2007.  Det var morosamt for Tatjana og Irina å finne att bilete av seg sjølve

På vegen heim frå Runde, var vi innom Elisabeth, dotter til Tone, Ludvik og dei tre borna;  Arne Johan (på hoppesko under), Adrian (med rulleskøyter) og Magne, som spelar fotball med Irina.

 

 

 

 

 

 

 

Når Besta Tone kjem på besøk, blir ho altid møtt av begeistra gutar som hyler beeestaa, og hengjer seg rundt halsen på ho.  Denne gongen sprang Adrian også begeistra hylande inn i huset og ropte: mamma, mamma, vi har russarar på besøk, vi ha russarar på besøk!!  Vi som huskar den kalde krigs trugsmål om russarane som kunne kome, tykte det var ekstra morosamt. 

Både Tatjana og Irina måtte prøve trampolinen.  Nye hyl kom frå Adrian:  mamma, mamma, russisk dame et løvetann!!!

 

Besøk på Runde og om fjellturar

Endeleg kom fineveret, og då må ein ut på tur.  Mor Johanne er lett på foten, og går på fjelltur så snart ho kan. Lett tilgjengelege Runde med flott utsikt og fuglar, brukar å vere vinnar når ein har gjestar.  Fordi vi var utrygge på kor vått det var etter alt regnet, vart ikkje turen lenger enn til enden av vegen oppe på fjellet i Goksøyra.  Dei russiske damene var begeistra. 

Vi måtte fortelje om då Alassane frå Mali, også vart dregen med på familietur på fjellet der nokre få veker etter at han kom til Norge.  Då han hadde blitt varm i trøya i Hammerfest eit par år seinare, hadde han følgjande refleksjon:  Alle kameratar ber meg med på fjelletur.  Og ka e fjelletur? Jo, du går og går og går og går og går og går og går og går og går og går, og så sit du ned og et mat, og så må du gå, og gå og gå og gå og gå og gå til du e hjemme.  Og når de inviterer, så sier de det som om det e det fiiiiinaste de kan tilby – og så finns det ikkje engong et diskotek der!!!

Mor mi syns det var lit trist at han ikkje hadde sett pris på fjellturen, så ho trøysta seg med at han hadde i alle fall fått sett fuglane.  Ja, det gjorde han, og han syns at nordmenn var idiotar som lar så mykje god mat vere i fred.  Eg måtte halde han att då han gjerne ville gi mor Johanne ei fin gåve:  to måsar som vi kunne ha til middag!!

Irina og Tatjana sette pris på fjellturen, og ville ha bilde av seg med utsikt i retning Ålesund

Møte med Amnestygruppa i Hareid-Ulstein

Bente inviterte til ei lita sommarsamling  for å få møte dei russiske gjestane.  Tatjana og Irina tok over kjøkkenet til Bente, og laga squashpannekaker:  raspa squash, dill, egg, salt og krydder, litt kveitemjøl.  Morgontimana hadde  vore brukt til å lage kake:  fruktfromasj basert på rjøme.  «Hilsen fra Bodil» står det på kaka

 

 

 

 

 

 Vi hadde ein fin kveld saman.  Irina og Tatjana fortalde om forholda i Russland.  FSB  (tilsvarande KGB i Sovjettida) trakasserer folk som set i gang aktivitetar som kan utfordre makthavarar.  Dei blir kalla inn til samtale, og arbeidskollegaer og naboar blir utspurde.  Fleire som Amnesty Hammerfest har samarbeidd med, har vore utsett for dette, og blei m a spurde om kontakten med Amnesty.  Nokre blir redde, og vil slutte, andre vil halde fram med arbeidet sitt.  Irina la sterk vekt på at i denne situasjonen er det viktig for dei å halde på kontakten med menneskerettsorganisasjonar i vestlege land.  Samtalen gjorde inntrykk på deltakarane, og det kom mange innspel om gode strategiar. 

Agnes, Irina, Tatjana, Bente, Sissel og Bodil var med på møtet. Mor Johanne tok bildet. Kunstnaren Bente gav dei russiske damene kvar sitt par tøfler, som dei ikkje har råd til å bruke, men vil henge på veggen heime.  Irina var særleg fornøgd med symbolet på sine tøfler:  eplet er symbol for Yabloko, partiet ho arbeider for (søsterparti til norske Venstre).