Vi måtte besøke Tone, både for å få vafler med rørte bringebær/ripsbær, og for å sjå på teppet som Eldrid laga til 50-årsdagen hennar.
Quilten tar utgangspunkt i ein stein med mosaikk utanfor Cafe Letho i Murmansk, og så har Eldrid lagt inn bilete frå den store Nordkalotturen vår sommaren 2007. Det var morosamt for Tatjana og Irina å finne att bilete av seg sjølve
På vegen heim frå Runde, var vi innom Elisabeth, dotter til Tone, Ludvik og dei tre borna; Arne Johan (på hoppesko under), Adrian (med rulleskøyter) og Magne, som spelar fotball med Irina.
Når Besta Tone kjem på besøk, blir ho altid møtt av begeistra gutar som hyler beeestaa, og hengjer seg rundt halsen på ho. Denne gongen sprang Adrian også begeistra hylande inn i huset og ropte: mamma, mamma, vi har russarar på besøk, vi ha russarar på besøk!! Vi som huskar den kalde krigs trugsmål om russarane som kunne kome, tykte det var ekstra morosamt.
Både Tatjana og Irina måtte prøve trampolinen. Nye hyl kom frå Adrian: mamma, mamma, russisk dame et løvetann!!!
Filed under: Uncategorized |
Legg att eit svar