Då vi fekk finever, likte dei russiske damene seg godt i Storfjorden, Valldalen og på Trollstigen. Tatjana har plukka jordbær på Borkenes ved Harstad, og ville gjerne ned i åkrane i Valldal. Tatjana vil også gjerne gifte seg med ein norsk mann med eige hus og eigen bil. Gjerne i Valldal, og ho stråla då ho høyrde at det er mange ungkarar i området. Forretningsstrategien kom kjapt på plass:
1. Starte Amnestygruppe i Valldal, og sørge for at det blir ei veldig god gruppe
2. Invitere andre amnestymedlemmer frå heile verda til Valldal for å lære av den geniale gruppa. Dei betalar for opplæringa ved gratis jordbærplukking
Ungkarar i Valldal: slike tilbod får de ikkje kvar dag! No har de sjansen.
Filed under: Uncategorized |
Så flott at de fekk nokre dagar med bra ver før de reiste frå området. Det både ser og høyrest ut som de har ein flott tur.
No sjekkar vi bloggen fleire gongar for dag for å sjå kva meir spennande som dukkar opp 🙂