• Arkiv

Kvinneleg sjåfør og tyske sjåførar

Bodil er ingen stor sjåfør.  På landevegen køyrer ho om lag som dei fleste menn, kanskje litt fortare, og også meir forsiktigt ved forbikøyringar og i potensielt farlege situasjonar.  I byar klarer ho seg også bra så lenge ho får følgje sine eigne reglar om ikkje å stresse.  I praksis vil det seie at viss ho hamnar i feil fil og oppdagar det, så køyrer ho heller feil veg enn å skape ein farleg situasjon med stressa filskifte.  Mange passasjerar blir svært frustrerte over dette køyremønsteret.  I bykøyring er det og forbudt for passasjerar å snakke, sidan Bodil ikkje greier både trygg køyring og konversasjon samtidig.

Ho har berre to problem med å køyre tur-retur Murmansk: 1.  å fylle bensin på russiske bensinstasjonar, sjå link her om kvifor.  2.  Å rygge beine strekningar.

I dag oppsto situasjon nr 2.  Vi skulle over brua til Henningsvær, som er for smal til at to bilar kan møtast, men med møteplassar på kvar ende og oppe på midten.  Bodil køyrde oppover, og fekk møtande bil, som ikkje stoppa på møteplassen på toppen, men køyrde to meter forbi,  før han måtte stoppe. Han signaliserte at Bodil skulle rygge.  Bodil signalisert motsatt.  Svært negativt kroppsspråk til svar.  Bodil gjekk bort og prøvde å forklare at han hadde to meter å rygge bak til møteplassen, medan ho hadde 50 meter.  Den store mannlege tyskaren var tydeleg overbevist om at han no var ute for ein frekk og håplaus kvinneleg sjåfør, og høyrde ikkje etter.  Han køyrde nedover og måtte rygge oppover, og då hadde han forkøyrsrett.  Ein tyskar til bak han, kom rasande og bad Bodil rygge.  Like  uimottakeleg for norske reglar for køyring på smale vegar med møteplassar.   Fleire og fleire bilar kom til, og Bodil innsåg at det var berre å rygge.  Ho gledde seg til å utsetje dei lite lydhøyre tyskarane for si rygging:  minst 5 minutt, sannsynlegvis nærmare 15 minutt med slalåmkøyring (ho klarer ikkje å rygge beint) til næraste møteplass.  Ho innsåg at det var barnleg, og bad sist ankomne tyskar om å rygge bilen til Bodil dei 50 metrane nedover til møteplassen.  Det gjorde han på 20 sekund.

Forsmedeleg å ha all rett på si side,  greie å oppføre seg fornuftig blant bjeffande, store, tyske mannfolk, og likevel vite at dei syns ho var ei håplaus dame.  Ho angrar på at ho ikkje rygga sjølv.

 

5 kommentarar

  1. Angre? – neida, la dei rygge! Det er ein del av sjarmen med å vere utanlandsk turist i Norge.

    Så flott ver de har! Var de på restaurant Fiskekrogen og åt tapas? Eller den nydelege fiskesuppa? Eller kanskje det går i torsketunger?

    Åh, – der skulle vi ha vøri, Kal………….

  2. Enig med mamsen, la dei rygge, dustane!

    Lurer på om det var svigerfar som fortalde ei historie om ein temmelig langmodige lastebilsjåfør som møtte ein bil i ein liknande situasjon. Lastebilen hadde langt å rygge til næraste møteplass på si side, medan personbilen hadde berre nokre få meter bakover til sin møteplass. Likevel nekta han å rygge. Begge vart sittande og gestikulere til kvarandre, ingen ville flytte seg. Til slutt satte manne i personbilen seg til å lese ei bok, han tenkte vel som så at når den andre såg kor god tid han hadde, ville han gi seg. Det gikk ei lita stund, så kom lastebilsjåføren ut og pikka på ruta til karen i bilen. «Du, når du er ferdig med den boka, kan eg få låne den?»

  3. Gratulerer, – de er inne på alle dei tre topplistene på WordPress i dag, – top blogs, top posts, fastest growing blogs.

  4. Har de miforstått kvifor vi angra? Det var ikkje fordi tyskaren måtte rygge, men fordi at når dei likevel skulle ende opp med å sjå på Bodil som kvinneleg idiotsjåfør, så kunne dei likså godt vore pint med 15 minutts slalåmrygging i staden for rask og profesjonell rygging frå utidig tysk turist. Er du ikkje enig?

  5. Jau, eg hadde misforstått, – skjønte det ei stund etterpå, så då er eg enig med deg, – dei kunne ha fått venta. (Kanskje ein del av sjarmen det og, – haha)

    Brukar av og til same taktikken sjølv, – dersom eg har god tid, vel å merke, – og dersom eg synest den andre burde ha rygga (avstand), – og iallfall dersom dei sit der og lagar sinte tegn og fakter. Ingen veit jo forresten kor fort eg ryggar til vanleg 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: