• Arkiv

Glasshytta og kermikkverkstaden på Vikten i Lofoten

har blitt ein favoritt.  Vi var her også i fjor, jf blogg.  Utsikta over havet er nydeleg, og bidrar til ro og senka skuldrar. 

Det er mykje nydeleg glas å sjå inne i hytta, og vi får også sjå glasblåsarane i arbeid.  Eldrid hadde ein av sine store fotoseansar her i fjor, og Irina har tømt kortet i kameraet ein gong når dette blir skrive. 

  Vi får kaffi og kaker i kafeen, og når ein attpåtil får internettforbindelse, er det vanskeleg for Bodil å kome nærare paradis

 

Fransk fisketur

To norske studentar som hygga seg på ungomherberget, fortalde at dei hadde sett fire franske ungdommar få låne robåt og dorg ut for å fiske.  Dei syntes det var på grensa til uansvarleg, fordi ungdommane så tydeleg ikkje visste korleis årene skulle brukast, og langt frå korleis dei skulle bruke fiskeutstyret.  I ellevetida om kvelden, var dei inne att,  med tre torskar.  Det var tydeleg at dei ikkje heilt visste kva dei no skulle gjere.  De leitte fram vin, og la fisken på bordet Roar har lagt til rette for å gjere opp fisk.  Ei åre vart brukt til å slå ein sprellande fisk i hovudet.  Knivar vart henta, og så var det stopp.  Diskusjon, lått, vin og røyk.  Roar forbarma seg over dei, og viste dei at hovudet måtte av, og innmaten ut.  Så brukte dei ei stund med lått, vin og røyk til å får gjort det på alle tre fiskane.  Stor moro var det og å mate måsane.  Dei praktiske russiske damene syntes det var utruleg å sjå at det finst folk som ikkje veit korleis dei skal fare åt med fisk.  Då vi gjekk og la oss i eitt-tida, hadde dei framleis ikkje funne ut kva dei skulle gjere vidare med fisken.  Men fisken var borte frå skjerebordet då vi åt frukost dagen etter.

Hurra for ungdomsherberget i Stamsund

Verten, Roar Justad, har skapt flott atmosfære.  Godt tilrettelagt for fisking, matlaging og sosialt samvær.  Han likar godt å fortelje historier, og det er artigt å høyre på han.  I går kom det ei tysk dame som ville hjelpe to unge gutar, og spurde om dei kunne koke fisk på plata ute.  Roar svarte alvorleg at det var berre spanske turistar som fekk lov til det.  Dama takka hjerteleg, og var glad for at dei spanske gutane fekk bruke plata.  Roar fortalde då at folk frå dei store byane i Europa manglar humoristisk sans.  Men det er ikkje uboteleg.  Dei kan berre vere hos han ei stund, så går det over og dei blir svært hyggelege og interessante.  

 

Roar mellom Tatjana og Bodil 

Skilsmisser, barn og pengar, eller Kulturforskjellar I

Vi har naturlegvis mange ”korleis har de det i Norge-slik har vi det i Russland”-samtalar i bilen.  Og motsett. 

Vi gjekk gjennom ordningar ved skilsmisse, og korfor norske kvinner skil seg frå mennene sine (i tillegg til å kome ut av dårleg ekteskap, blir ein kvitt det største og mest brysame barnet   (= mannen)+ ofte få ein betre økonomisk situasjon).   Vi fortalde at når foreldre deler foreldreansvaret likt,  får oftast kvinnene,  av og til også mannen,  vanskeleg økonomisk situasjon.  Tatjana undra seg over dårleg planlegging:  ho har alltid visst at ho kan klare å forsørge to barn åleine, og sørge for at to barn får godt utdanning, men at ho ikkje ville klare å gi tre eller fleire barn oppvekstvilkår som ho meiner er gode nok.  Derfor sørga ho for at det berre vart to barn på henne.  Korfor tar ikkje også norske kvinner slikt ansvar – dei må jo også kunne rekne!!

 

Tatjana på Vikten

Vi måtte berre innrømme at norske ungjenter og norske kvinner kanskje ikkje er så rasjonelle som Tatjana.  I tillegg er det mange som ikkje vil ta abort viss dei blir gravid.  Dei fleste greier seg så nokonlunde, mykje pga statlege støtteordningar både til å leve og til utdanning. 

 

Gardinene på Ramberg Gjestegård

Søster Eldrid har trykt gardiner på stoff til Ramberg gjestegård, og vi fekk streng beskjed om å ta bilder av dei viss vi for til Lofoten.  Oppdrag utført, men kvaliteten på bilda…..  Heldigvis skal søster Tone til Lofoten seinare i sommar

 Gardinene har fire felt med dikt, bilder og symbol.  Dei er litt artige, men ikkje så veldig synlege.  Dei heng i rom som ikkje blir brukt av gjester og er berre synlege utanfrå.    Her fekk  Eldrid godt betalt for å vere snill og berre vere teknikar for printing på stoff.  Ho er snill, men vi likar mykje betre dei tinga kunstnaren Eldrid lagar sjølv, sjå her.