To norske studentar som hygga seg på ungomherberget, fortalde at dei hadde sett fire franske ungdommar få låne robåt og dorg ut for å fiske. Dei syntes det var på grensa til uansvarleg, fordi ungdommane så tydeleg ikkje visste korleis årene skulle brukast, og langt frå korleis dei skulle bruke fiskeutstyret. I ellevetida om kvelden, var dei inne att, med tre torskar. Det var tydeleg at dei ikkje heilt visste kva dei no skulle gjere. De leitte fram vin, og la fisken på bordet Roar har lagt til rette for å gjere opp fisk. Ei åre vart brukt til å slå ein sprellande fisk i hovudet. Knivar vart henta, og så var det stopp. Diskusjon, lått, vin og røyk. Roar forbarma seg over dei, og viste dei at hovudet måtte av, og innmaten ut.
Så brukte dei ei stund med lått, vin og røyk til å får gjort det på alle tre fiskane. Stor moro var det og å mate måsane. Dei praktiske russiske damene syntes det var utruleg å sjå at det finst folk som ikkje veit korleis dei skal fare åt med fisk. Då vi gjekk og la oss i eitt-tida, hadde dei framleis ikkje funne ut kva dei skulle gjere vidare med fisken. Men fisken var borte frå skjerebordet då vi åt frukost dagen etter.
Filed under: Uncategorized |
Fy skam, – slå den snille fisken i hovudet! Veit dei ikkje at Greenpeace ikkje likar slikt?