har blitt ein favoritt. Vi var her også i fjor, jf blogg. Utsikta over havet er nydeleg, og bidrar til ro og senka skuldrar.
Det er mykje nydeleg glas å sjå inne i hytta, og vi får også sjå glasblåsarane i arbeid. Eldrid hadde ein av sine store fotoseansar her i fjor, og Irina har tømt kortet i kameraet ein gong når dette blir skrive.
Vi får kaffi og kaker i kafeen, og når ein attpåtil får internettforbindelse, er det vanskeleg for Bodil å kome nærare paradis
Filed under: Uncategorized |
Det var faktisk meininga å lage ei eiga side berre om Vikten, – men eg kom aldri så langt. Kanskje ikkje for seint enno..? .. så kan eg mimre litt samstundes 🙂
Vil ikkje love noko i nær framtid, – her går det i snikkarar og rørleggarar framleis, vi må avgårde og hente bilen, og til helga kjem Ingunn og barnebarna og blir nokre dagar, – yohooo 🙂