• Arkiv

Russisk er kontaktskapande språk

Dei russiske damene kjem i kontakt med mange hyggelege og spennende folk fordi dei snakkar russisk, og folk tar kontakt.  Her representert ved glassblåsar frå Slovenia på Vikten i Lofoten.  Kelnaren ved frukosten på Rica Nidelven i Trondheim var frå Baku.  Ved kveldsbadinga på Nesna,  møtte dei ei familie frå Armenia.  Jenta som selde billettar på Vikten, var frå Arkangelsk, og var student i Norge.  Vi blir misunneleg på kommunikasjon med spennende folk, og blir naturlegvis stadig oppfordra til å lære russisk.  Viss det finst ein plass i Russland der vi kan bade i minst 18 grader i sjøen i desember og januar, så skal vi reise dit og lære russisk.  Den plassen finst visst ikkje, så då må vi vel vente til pensjonsalderen…..

Fransk fisketur II

Dagen etter den første fisketuren, såg vi to av dei franske studentane på veg ut på ny fisketur.  Dei hadde initert med ei tyrsk dame.  Vi kunne konstatere at roinga var ganske grei.  Dei rodde i nokonlunde takt med to par årer, heldt årene riktig for å få god framdrift, og samarbeidde godt om retninga på båten.

 

Dei kom inn att utan fisk denne gongen.  Det vart ein kort tur, fordi dei skulle til Eggum for å sjå på midnattssola.  Dermed vart det ikkje fisk. 

Bodil viste fram og oversatte bloggen om første fisketur.  Dei lo godt av historien, og fortalde at dei hadde kokt og ete fisken om natta.  Dei fortalde og at dei var ingeniørstudentar, som avslutta 3 månaders hospitering ved NTH med norgesferie.