Dagen etter den første fisketuren, såg vi to av dei franske studentane på veg ut på ny fisketur. Dei hadde initert med ei tyrsk dame. Vi kunne konstatere at roinga var ganske grei. Dei rodde i nokonlunde takt med to par årer, heldt årene riktig for å få god framdrift, og samarbeidde godt om retninga på båten.
Dei kom inn att utan fisk denne gongen. Det vart ein kort tur, fordi dei skulle til Eggum for å sjå på midnattssola. Dermed vart det ikkje fisk.
Bodil viste fram og oversatte bloggen om første fisketur. Dei lo godt av historien, og fortalde at dei hadde kokt og ete fisken om natta. Dei fortalde og at dei var ingeniørstudentar, som avslutta 3 månaders hospitering ved NTH med norgesferie.
Filed under: Uncategorized |
Det var nostalgisk og flott å sjå NTH-navnet i bruk att, men dersom det er lærestaden i Trondheim du refererer til her så har den heitt NTNU dei siste 12 åra.
…. ved nærmare ettertanke kan det då tenkast at dei har hatt norgesferie i 12 år eller meir …..
Vi er gamle, ja, og vi likar best det gamle namnet. Vi lar det stå, sjølv om det manglar U-en som signaliserer det gjeve universitetsnamnet. Kanskje vi skal kalle det NTU?