Dei russiske damene kjem i kontakt med mange hyggelege og spennende folk fordi dei snakkar russisk, og folk tar kontakt. Her representert ved glassblåsar frå Slovenia på Vikten i Lofoten. Kelnaren ved frukosten på Rica Nidelven i Trondheim var frå Baku. Ved kveldsbadinga på Nesna, møtte dei ei familie frå Armenia. Jenta som selde billettar på Vikten, var frå Arkangelsk, og var student i Norge. Vi blir misunneleg på kommunikasjon med spennende folk, og blir naturlegvis stadig oppfordra til å lære russisk. Viss det finst ein plass i Russland der vi kan bade i minst 18 grader i sjøen i desember og januar, så skal vi reise dit og lære russisk. Den plassen finst visst ikkje, så då må vi vel vente til pensjonsalderen…..
Filed under: Uncategorized |
Men «brød og salat» kan du vel klare å lære uten badetemperatur?
Hayden er allerede i gang, heilt på eige initiativ. Då eg skulle tørke hår og ansikt på han etter badet i kveld vrei og vrikka han på seg, medan han ropte «Njeeeet, njeeeet!»
Godt gjort. Han er berre 6 mnd.
Tørke hår???
Hels til Hayden og oppmuntre han til å fortsette. Han treng ikkje vere lei seg for at det er hovud og ikkje hår som blir tørka. Håret blir kansje midlertidig for han, medan han skal ha med seg hovudet heile vegen