• Arkiv

Torsk til Lofoten eller snø til Murmansk

Dei russiske kvinnene var svært begeistra for Trollstigen, og imponert over sjåføren.  Vi hadde ein stopp like før nedstigninga, der dei beundra utsikt, souvenirar, og lo til ville turistar frå alleverdens land.

Ein særleg begeistra turist fann ein snøbre, og blei vilt begeistra for snøen.  Dei to damene frå Murmansk måtte le av dette, dei som hadde snø til langt ut i juni i år. 

Særleg moro blei det då han kom med fanget fullt av snø og ville gi Irina.  Han trudde at ho heller ikkje hadde opplevd snø før….