• Arkiv

Tatjanas elskede Lindex, Kappahl og Cubus….

Desse butikkane var shoppeparadis for dei to russiske damene.   Det var jubelrop i bilen kvar gong vi kom til stadar med desse butikkane – særleg Lindex var ettertrakta.  Tatjana var flink til å finne butikkar med salg – og flink til å finne fine ting blant det som var på salg.  Heil til høgre er fangsten hennar i Trondheim:  topp til kr 19,90, og bukse til kr 29,50.  Eller kosta buksa kr 49.50?  Tunikaen til Irina kosta i alle fall 49 kr. Tatjana overtalte ho til kjøp med følgjande argument:  sjå kor mange sommarfulgar du får for berre 49 kr. 

Tatjana seier at pris+kvalitet er mykje betre enn i Murmansk.  Så takka vere utnytting av kinesarar kan vi vere shoppeparadis for naboar i aust…