• Arkiv

Ferien har starta

Bodil reiste rett frå arbeid på Åse til Gardermoen torsdag, og tok mot Irina som kom med flyet kl 23:05 frå Kirkenes.  Rett til Haraldsheimen vandrarheim, der rommet venta. 

Inna, Ane Bonde, Michale Kuliani og Irina Paykacheva i eitt av møteromme til Amnesty Norge

Fredagsmorgonen kl 9 var Irina i møte på kontoret til Amnesty Norge.  Ho fortalde om den interne striden i organisasjonen «Soldatmødrene», og om utviklinga i forholda i hæren i Russland.  Unge menn blir lokka og tvinga til å underskrive treårs kontrakter, trugsmålet er at dei sannsynlegvis blir tvinga til verre forhold seinare.  Korrupsjonskultur rår, og er avgjerande for fordeling av goder og ressursar elles.  Ho orienterte og om utviklinga i soningsforhold, som faktisk har blitt betre i Murmanskområdet.  Amnesty Norge var veldig glade for det, sidan dei i si tid tok initiativ til samarbeid med fengselsstyresmaktene i regionen for å forbetre forholda i fengsel.  Ho melde og om at ho, som frivillig jurist i mange saker, ikkje får sleppe inn i rettssalane medan sakene er oppe.  I Russland, som i Norge, er rettssaker offentlege, og i prinsippet har alle russiske borgarar rett til å vere til stades under rettssaker.  Men rettssalane blir faktisk stengde.  Ho får derimot oftast tilgang til fengsla, og gjer ein kjempeobb med overvaking og hjelp.   

Tatjana kom til sentrum etter kvart, og var med på siste del av møtet med Helsingforskomiteen.  Der vart Irina nyttig rådgivar i forbindelse med kontoret dei vil starte opp i Murmansk.   Forholda for frivillige organisasjonar er kraftig innstramma, med registrerings- og rapporteringsplikt.  Utanlandske organisasjonar blir særleg godt passa på.  Men Skanna, krisesenteret for valdsutsette kvinner som Tatjana sto bak, vart lagt ned no fordi rapportering tok for mykje krefter, og dei 24% skatt som må betalast i inntektsskatt tok for mykje av inntektene, og var demotiverende.  Etter kvart ser vi at andre virkemiddel and forbod kveler ytrings- og forsamlingsfridom på effektiv måte. 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: