Desse butikkane var shoppeparadis for dei to russiske damene. Det var jubelrop i bilen kvar gong vi kom til stadar med desse butikkane – særleg Lindex var ettertrakta. Tatjana var flink til å finne butikkar med salg – og flink til å finne fine ting blant det som var på salg. Heil til høgre er fangsten hennar i Trondheim: topp til kr 19,90, og bukse til kr 29,50. Eller kosta buksa kr 49.50? Tunikaen til Irina kosta i alle fall 49 kr. Tatjana overtalte ho til kjøp med følgjande argument: sjå kor mange sommarfulgar du får for berre 49 kr.
Tatjana seier at pris+kvalitet er mykje betre enn i Murmansk. Så takka vere utnytting av kinesarar kan vi vere shoppeparadis for naboar i aust…
Filed under: Uncategorized |
Eg sat og tenkte «typisk kvinnfolk», men så kom eg på at eg brukar visst å sjåppe litt sjølv når eg er ute på tur. Til mitt forsvar må eg få nemne at det siste eg kjøpte var noko så maskulint som motorsykkelstøvlar (*fortrenger seinare kjøp av dongeribukse på Dressmann, skjorter i USA, og nød-innkjøp av sokkar på REMA 1000*). Poenget? Noko med sjølvransaking og stein i glashus.
Det er viktig å tenke «typisk kvinnfolk». Då veit du i alle fall kva damene har lyst til når de er ute og reiser. Då kan du og setje av tid til denne viktige aktiviteten. Det er irriterande med menn som ikkje har skjønt dette
På denne tida av året får eg rett som det er mailar med spørsmålet: «Where can I find quilt shops in .. (fyll ut med reisemål i Norge, Skandinavia eller Europa)..?»
Så, ja!, – shopping er viktig, og det løner seg å finne ut slikt på førehand så ein kan gå rett på målet og ikkje bruke dyrebare ferietimar til å leite.
Det er litt meir kinkig å forklare at dei sannsynlegvis ikkje vil finne noko særleg «Norwegian fabric» i desse butikkane, men omtrent det same som dei kan kjøpe heime til ein fjerdedel av prisen. Men det er så klart ikkje like spennande.
Eg sit og lurer på om eg burde kalle meg 8murmansk, sidan Bodil no er 3, Eldrid er 4, så då er vel Rune 5 osv. …?
Reint bortsett frå det så er eg på Gardermoen og ventar på innsjekk til Brasil via Portugal. Skulle det bli mangelfull kommentering framover så skuldast det ikkje manglande interesse, men mangel på internett. Vi får sjå.
God tur. Hels til Markus, Beatriz og Eronita